Historikk

Haugesund Sparebank sponsar KORe´Vindafjord

Historikk

 

Initiativtakar Nils Erik Eide fekk med seg kulturleiar Eva Kalstveit og kulturkonsulent Berit Hetland på lag, og koret blei stifta 3. oktober 2007.

Ideen kom etter at kommunane Ølen og Vindafjord blei slått saman januar 2006. Då blei to relativt små kommunar slått saman til ein storkommune, og det var då viktig å skapa positiv blest om den nye kommunen - difor namnet KORe' Vindafjord, for å setja den nye kommunen på kartet.

Det var også viktig å sveisa dei tilsette i den nye kommunen saman - to kulturar skulle bli til ein!

Lasse Jarmer blei tilsett som dirigent og arrangerer det meste som blir framført av koret.

Me har sidan starten hatt mange oppdrag, og synest sjølve me er blitt betre og betre.

Logoen er laga av Nils Erik Eide.