Om oss

Om KORe' Vindafjord


Initiavtivtakar og grunnleggjar Nils Erik Eide fekk med seg kulturleiar Eva Kalstveit og kulturkonsulent Berit Hetland på lag, og koret blei stifta 3. oktober 2007.

 

Ideen kom etter at kommunane Ølen og Vindafjord blei slått saman januar 2006. Då blei to relativt små kommunar slått saman til ein storkommune, og det var då viktig å skapa positiv blest om den nye kommunen - difor namnet KORe' Vindafjord, for å setja den nye kommunen på kartet. Hensikten var å «sveise» medarbeidarane saman på tvers, samt å skape eit godt «ansikt» ut og setja «Nye Vindafjord» på kartet. Me har medlemmer frå ulike sektorar og har som hensikt å skapa god stemning og samhald på tvers av einingane.


Lasse Jarmer blei tilsett som dirigent og arrangerer det meste som blir framført av koret. Me har sidan starten hatt mange oppdrag, og synest sjølve me er blitt betre og betre.

 

Logoen er laga av Nils Erik Eide.


I 2017 feira koret 10 år, i 2022 15 år, og i begge tilfelle hadde me to jubileumskonsertar. Her er artiklar frå Grannar om desse jubileuma:


FEIRAR 15 ÅR, her er artikkel frå Grannar 31.03.22