På plakaten


Haugesund Sparebank sponsar KORe´Vindafjord

JULEKONSERTAR 2019



















KORe' Vindafjord skal, tradisjonen tru, på juleturne også i år. Dette året skal me ha konsertar på følgjande plassar:


03.12: Vats kyrkje
04.12: Bjoa kyrkje
05.12: Hgsd Sparebank sin grautfest på Vikedal Bygdahus (minikonsert)


Meir informasjon kjem og billettar og klokkeslett, men hald av dato, me kan lova at du får ein flott julekonsert, som set deg i julestemning også i år:-)



KORe' Vindafjord opptrer på opninga av Sjøperlo 28.09.19


Laurdag 28. september skal Sjøperlo opnast i Ølen. I høve det skal KORe' Vindafjord opptre på opningskonserten på kvelden. Det gler me oss veldig til. Det skal bli kjekt å få opna dette flotte bygget på ein stilfull måte med flott konsert og gode ord. KORe' Vindafjord er veldig takknemlege for at me er blitt spurt om å syngja på denne konserte, som byrjar klokka 19.00.



Julekonsertar i Vats og på Bjoa i år


I år skal koret ha to julekonsertar, og kyrkjene som er plukka ut dette året er Bjoa og Vats. Det er lenge sidan desse bygdene har fått oppleva den gode julestemninga saman med KORe' Vindafjord. Datoar for desse konsertane er 3. desember i Vats og 4. desember på Bjoa. Hald av datoar, meir informasjon kjem. 



I gong etter ferien


Koret er godt i gong med øving og førebuing til haustens program. I slutten av oktober skal koret på korseminar til Stord, tradisjonen tru. Då skal det terpast på juleprogrammet. Det vert ikkje storkonsert denne hausten, den vert hausten 2020. Førebels arbeidstittel på den konserten er "Nordiske Perler". Det vil kome meir informasjon om denne konserten etter kvart. Følg med på heimesida vår eller Facebook for oppdatering på dette. 



God ferie frå KORe' Vindafjord!


Etter ein aktiv vinter/vår tek no KORe' Vindafjord ein velfortent sommarferie. Me startar opp igjen med øving og, tradisjonen tru, KORseminar på Stord hotell. Då skal resten av sesongen planleggjast, og ikkje mint øving til juleturne, som ikkje er heilt bestemt kor me skal dette året. I fjor var me i Sandeid og Skjold, året før Vikedal, så i år vert det ein og to andre bygder som får gleda av å få KORe' Vindafjord på besøk med flott julekonsert. 


Koret skal også syngja på opninga av Sjøperlo i september, noko me ser verkeleg fram til.


KORe' Vindafjord ønskjer alle ein god sommarferie, me takkar alle som stilte på konsertane våre til no i år. Me ser fram til å syngja for dykk igjen.  


KORe' Vindafjord på miniturne for å spreia glede

KORe' Vindafjord reiser rundt i kommuen og gjennomfører gratis minikonsert for dei eldre på omsorgssentra våre og er kjem også innom Hogganvik Landsby med musikalske tonar for å spreia glede.


Første konsertdag er på Vindafjordtunet tysdag 28.mai klokka 17.00, andre konsertdag er på Ølen Omsorgssenter tysdag 4.juni klokka 17.00. SIste opptreden er same kveld i Hogganvik Landsby klokka 19.00. 



Grannar med god omtale etter konserten "Musicals"


KORe' Vindafjord gjennomførte to flotte konsertar i vår, Sandeid 09.04.19, og Skjold 11.04.19. Grannar var der og gav gode tilbakemeldingar, noko me er veldig stolte over. Takk til alle som kom på våre konsertar. 

(Grannar 11.04.19)

Flott førehandsomtale i Grannar før konserten "Musicals"


KORe' Vindafjord fekk god førehandsomtale i lokalavisa Grannar før den store konserten i vår, "Musicals". Kjekt å lesa, tenk no har koret vore einrealitet i heile tolv år. Og mange fleire skal det bli....

(Grannar 04.04.19)

Vellukka førjulskonsertar - grautfest med Haugesund Sparebank


KORe' Vindafjord hadde to vellukka førjulskonsertar i år, i Sandeid kyrkje 27.11, og Skjold kyrkje 02.12. Til saman 185 personar kom og sang jula inn med koret. Det er me veldig nøgde med. Takk til alle som kom....


Før koret tok ein velfortent juleferie, sang koret på den årlege grautfesten til Haugesund sparebank på Sandeid samfunnshus 04.12. Her er bilde frå koret sin konsert i Sandeid kyrkje og frå grautfesten: