På plakaten

KORe' Vindafjord

Klar for ny seSONG!


Då er ferien over og koret startar opp med ny seSONG 25.08. Koret samlar seg til øving på Sandeid skule, det er viktig at smittevernreglar vert følgde. Sidan den planlagde konserten i haust vart utsett til våren, vil det vera naturleg at koret øvar godt på juleprogrammet. Julekonsertane vert dette året i Imsland 8. desember og i Vikebygd den tiande. Me vil prøva oss på ein julekonsert på Nesheimstunet 9. desember, her vil det også bli mykje allsong saman med publikum.


Me kjem tilbake til dette med meir info på heimesida vår og på vår Facebookside. 


Nils Erik Eide 25.08.20

God ferie frå KORe' Vindafjord!


Etter ein roleg vinter/vår, grunna korona-pandemien, tek no KORe' Vindafjord sommarferie. Me startar opp igjen med øving like over ferien. Då er det juleprogrammet me skal øva på, dette fordi vår planlagde haustkonsert har blitt utsatt til våren 2021. Tradisjonen tru blir det KORseminar på Stord hotell, litt seinare i år. Det blir i slutten av november for å finspissa juleprogrammet. Julekonsertane vert dette året i Imsland 8. desember og i Vikebygd den tiande. Me vil prøva oss på ein julekonsert på Nesheimstunet 9. desember, her vil det også bli mykje allsong saman med publikum. Me kjem tilbake til dette med meir info på heimesida vår og på vår Facebookside. 


KORe' Vindafjord ønskjer alle ein god sommarferie, me ser fram til å syngja for dykk igjen.


Nils Erik Eide 21.06.20

Nordiske Perler utsatt // dato og stad for julekonsertane våre i år!


Etter planen skulle KORe´ Vindafjord hatt to storkonsertar i september med tema "Nordiske Perler". Grunna koronasituasjonen har me sett oss nøydde til å utsetja konsertane til over nyttår, nermare bestemt veke 11. Kva dagar det blir og kva bygder me skal ha konsertane kjem me tilbake til. Følg med på heimesida vår eller på vår Facebook-side framover for meir informasjon. 


Men, før dette, håpar me å kunne halda vår tradisjonelle julekonsert, som i år er bestemt skal haldast i Imslandkyrkje 08.12 og Vikebygd kyrkje 10.12. Det vil kome meir informasjon om desse konsertane også. Før dei opp i almanakken allereie no. 

Ta vare på kvarandre, på avstand om mogleg. Helsing KORe´ Vindafjord.


Nils Erik Eide 28.04.20

KORona-helsing frå KORe' Vindafjord!


KORe´ Vindafjord vil i desse koronatider helsa til alle som er med på å bidra til at me stoppar spreiinga av koronaviruset, slik at me etter kvart kan kome tilbake til kvardagen som me alle saknar så inderleg.


KORe' Vindafjord ser fram til å kunne halda konsert og gleda dykk med korsong når dette er over. Etter planen skal me halda to konsertar i september med tema "Nordiske Perler". Følg med på heimesida vår eller på Facebook for meir informasjon om dette utover.


Inntil då, ta vare på kvarandre, men på avstand om mogleg!  


Nils Erik Eide 27.03.20